» Framsida
Reke med vinden Genoaen står som ein boblande draum framom masta og dirrar av glede. Storseglet breiar seg framtidsretta og karsleg ved sida. I yr leik med vindane lokkar dei oss framover. Vi svarer med hypp til dei båe, strammar litt her, slakkar litt der. Kjenner skjøta knyte oss saman med draumen og framtida. Midt i solglitter, stjerneskimmer og moreld dansar Vindreken jublande over målstreken i kappestrid og lystseglas. I går i fjorden i dag ved kysten og i morgon kryssar vi sjølvaste horisonten. Vi skal ingen stad. Berre reke med vinden.